PRØVEDANS FRIKAR X

Kva skjer i Valdres?, er det mange som spør om. Talenta i FRIKAR X fortel om danseglede, dansefamilie og profesjonelle erfaringar samt kreative møte med norsk folkedans. FRIKAR X er det fyrste programmet som Talent Norge var med på i det frie dansefeltet.

  • Søknadsfrist 4. september
  • Prøvedans 21. - 25. september 
  • Stad: FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal
  • Reise: F.eks Valdresekspressen frå plattform 14 på Oslo bussterminal kl 08.35 til stoppestad “Aurdal kirke”. 
  • Send søknaden til art@frikar.com, merk epost med “FRIKAR X-søknad”

Søknaden skal innehalde CV, motivasjonsbrev og video. Motivasjonsbrevet kan vera maks 3000 teikn og forklare 

  • Kvifor dansar du?
  • Kva du ynskjer å utvikle deg i? 
  • Kva kan du bidra med overfor andre talent i programmet? 
  • Kvifor kan du og FRIKAR X vera ein god match?

Videoen skal innehalde ein dansesolo som viser litt av identiteten din som bevegelseskunsetnar. Juryen ser dei fyrste fire minuttane av videoen. 

OM PRØVEDANSVEKA

Me legg opp til ei utforskande og lærerik veke der du bur og dansar i FRIKAR-SMIA. Me ynskjer å sjå korleis du kan bidra i utviklinga av danseuttrykk som har frigjerande kraft i tidlaus dans. Nokre økter blir kreative der du løyser oppgåver. Andre økter blir å lære danseteknikk og koreografiar innan house, folkedans, golvarbeid, akrobatikk og improviasjon. Det blir også levande musikk og du får oppgåver relatert til musikken også.  

Juryeen er satt saman av 

  • Jon Filip Fahlstrøm. Lang erfaring som sjangerkryssande samtidsdansar og har blant anna jobba for Eastman (Sidi Larbi Cherquai), FRIKAR og Carte Blanche. 
  • Sigyn Åsa Sætereng. Allsidig dansar med house som heimebane og som har vore med i FRIKAR X i tre år og på dei tre produksjonane SLEPP, Draumefangaren og SKAUT. 
  • Hallgrim Hansegård. Koreograf og hallingdansar som har jobba på tvers av sjangrar i 15 år. Utdanna filmskapar og har sitte i juryar i Kulturrådet, Spellemannsprisen og filmfestivalar. 
  • Prosjektleiar i FRIKAR X er Siri Wigdel som har erfaring som festivalleiar i Dansefestival Barents, samt ulike yrkeserfaringar innan Kulturrådet i Wales og ulike dansekompani i ulike land. 

FOR KVEN?
FRIKAR har ei særeigen stemme i det norske danselivet og fokuserer på frigjerande kraft i tidlaus dans. Me søkjer profesjonelle talent uavhengig av sjanger som har lyst til å utvikle seg sjølv vidare i eit fellesskap, og som ser nytta i å bidra til utvikling av dette treningsmiljøet. 

Me ser fyrst og fremst etter bevegelseskunstnarar som ikkje er i utdanning, men som har tid og interesse av å delta på treningssamlingane, som stort sett blir arrangert i Valdres. Reise for talent som har blitt tatt opp blir dekka av FRIKAR X. 

Me opererer ikkje med obligatorisk deltaking, men ynskjer å finne talent som har moglegheit til å prioritere opptil 10 samlingar i året på 2-3 dagar. 

KVA?
Programmet er satt saman av 

  • Treningssamlingar
  • Verkstader og meisterklasser
  • Filmprosjekt
  • Produksjonar
  • Turnear
  • Frivillig mentoring

Kva type dans driv me med?

Dei forrige tre åra har me jobba med det sentrifugale og ornamentale, som ei ramme for ulike uttrykk og sjangrar. Me ser etter talent med litt ulike bakgrunnar slik at dei kan lære mykje av kvarandre. Kvalitetar me arbeider med på tvers av sjangrar er groove, isolasjon og konsekvens. Frå folkedansen trenar me kvalitetar som sleng, slepp, snert, svikt, motvekt og musikalitet. Alle talenta får nok kunnskap om folkedans til å kunne styrke sin eigen dans og bidra i utviklinga av ny folkedanskunst. Utover det arbeider me sjangerope med stor takhøgd for individuelle uttrykk. 

Les mer om auditionen her.

Foto: Antero Hein