Ungdommens barokkorkester: talentsamling og konsert
Med solist Hilde Gjermundsen og nøkkelmusikarar frå Orkester Nord
Samlinga viderefører samspelfokuset som har vore den raude tråden gjennom haustsamlingane i år. Konserten blir halden i middelalderkyrkja Vår Frue kirke midt i Trondheim sentrum. Denne hausten blir det særleg satsa på karriererettleiing. Individuell oppfølging frå dei internasjonale mentorane blir oppretthalde gjennom digitale løysingar. Hovudmentorar denne hausten har vore nøkkelmusikarar frå Orkester Nord. Mentorane for talentsamlinga blir Martin Wåhlberg, Jørgen Skogmo og Erik Skanke Høsøien.
Sopranen Hilde Gjermundsen er solist under konserten. Det er òg dei talentprogramdeltakarane som dette semesteret er del av heilårsprogrammet sitt solistprogram.
Les meir om Ungdommens barokkorkester her.