Workshop i kontempor@r halling med Hallgrim Hansegård

OSLO 08.06.18. FRIKAR X og koreograf Hallgrim Hansegård inviterer til ein verkstadserie over tre år med fokus på overføring av kvalitetar frå hallingdansen til samtidsdansen.

I starten blir det fokusert på slepp, svikt og snert som tre prinsipp der den norske folkedansen spelar på lag med tyngdekrafta og gjev ein organisk måte å oppnå dynamisk spennvidde på. Verkstadsserien er tenkt som ein dialog med deg som deltakar der du kan prøve ut bevegelsesprinsippa i eige arbeid, og slik påverke arbeidet vårt.

Med 'Kontempor@r halling' ynskjer Hansegård å gje noko tilbake til samtidsdansen og fylle eit tomrom som danseutdanningane ikkje tilbyr idag. Verkstadserien er mynta på bevelseskunstnarar, og blir støtta av Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB og Fjelldansen med Oppland fylkeskommune, Valdres natur- og kulturpark og Kulturrådet.

Kriterier: profesjonelle dansekunstnere og dansestudenter ved vgs. og høyere utdanning.

Se Frikars Facebookside for video.