Møt ArtEx deltager Maria Ose

21.05.2024 / Talent Norge har eit utrulig godt apparat beståande av mange som står klare for å hjelpe på alle ulike områder, både på instrumentet, kroppsleg og med nettverk.

Navn: Maria Ose

Alder: 26

Bosted: Oslo

Kunstfelt: Klassisk musikk, fløyte

Program: ArtEx

 

Hvor lenge har du holdt på med din kunstform?

Eg starta å spele fløyte da eg var 7 år, så i snart 19 år no! 

 

Hvordan startet det?

Mamma og pappa er begge utdanna klassiske musikere, og er svært interessert i all slags musikk. Eg og min tvillingsøster pleide som babyar for eksempel å ligge på fanget til pappa mens han øvde trompet. Det har alltid vore spelt mykje musikk heime i stua, i alle sjangrar, og vi synes det var veldig stas å vere med og høre pappa spele konsertar heilt ifrå vi var bitte små. Ein konsert mamma og pappa hugsar svært godt var da vi var så små at vi berre akkurat kunne gå, så spelte pappa ein kyrkjekonsert ilag med kollegane sine frå kulturskulen. Vi la oss ut i midtgangen med bamsane våre, alle var sjølsagt veldig spente på om vi kom til å springe fram til pappaen vår, men vi låg der heilt stille den to timars lange konserten og kikka og hørte på. Så interessen har alltid vore der. 

 

Hva ønsker du å oppnå med din kunsten din?

Eg ønskar å formidle følelsar og augneblink som ein kontrast til det hektiske livet vi lever idag til andre mennesker, så vi saman kan kjenne på alle følelsane som musikk gir. Derfor ønsker eg å få nådd ut til flest mogeleg så vi kan dele desse augneblinka saman. Eg trur det er ein vesentleg del av det å vere menneske, som lett kan forsvinne i at alt skal vere så effektivt og gå i eit rasande tempo alltid. 

 

Hva er din visjon med kunsten din?

Det går vel litt i det samme, ja. 

 

Hva kjennetegner kunsten din?

Eg føler meg alltid veldig inderlig når eg spelar, alt skal komme innafrå og vere så ekte som mogeleg, så det så lett som mogeleg kan smitte over på andre. 

 

Hva liker du best med programmet du er en del av?

Det er veldig inspirerande å få ta del i korleis dei andre kunstnarane utøver, men ikkje minst jobbar med sin kunst, korleis dei kjem fram til målet, kva for refleksjonar dei gjer, slike ting. Og så er det veldig lærerikt å snakke om dei tinga som ikkje alltid er like lett, kva gjer ein når motivasjonen sviktar, når ein føler ein mistar det autentiske i seg sjølv, og korleis komme tilbake til sin ekte kunst, korleis dei jobbar i motgang. Coachinga er også heilt essensiell her, for å bli godt nok kjent med seg sjølv og kva ein eigentleg trenger. 

 

På hvilken måte har det bidratt til din kunstneriske utvikling?

Eg føler meg mykje meir open og lydhør i prosessen, fordi eg har blitt presentert for mange nye løsningar på korleis komme fram til ting. Og så har eg lært å kjenne min eigen kropp og mine eigne behov, som gjer at eg lettare kan føre ein meir bærekraftig prosess for meg sjølv. 

 

Hva inspirerer deg?

Andre musikarar. Å lytte til andre sine stemmer som har noko viktig å fortelle. 

 

Hvordan motiverer du seg selv?

Først og fremst så prøver eg å finne ut kva hovudet og kroppen min treng, slik at eg best mogeleg kan legge til rette for motivasjon og inspirasjon. Det å vere bevisst på delmål og store mål er også viktig, så man alltid kan sjekke om man er på riktig veg. Men mest av alt er det for meg gjennom prosjekt, enten gjennom orkester eller kammermusikk eller andre ting som er givande for meg. 

 

Hvordan ser en vanlig arbeidsdag ut for deg?

No jobbar eg i orkester, så da er det faste øvelsar mandag-onsdag frå 10-14.30, generalprøve torsdag og konsert torsdags kveld. I tillegg til dette kjem eigenøving, så eg er alltid på jobb frå mellom 8.30 og 9, og til 17-18 på kvelden, slik at eg får øvd godt. I helgene er det kun eigenøving, med varierande mengde etter behov, alt ifrå 2-5 timar om dagen. 

 

Hva er din beste kunstopplevelse?

Det er vanskelig å velge ein, eg er jo så heldig å få oppleve store konsertar kvar veke. Ein oppleving som står veldig nært akkurat no er da vi gjorde Mahler sin 9. symfoni med Bergen Filharmoniske Orkester og fantastiske Sir Mark Elder. Alle elskar den musikken så høgt, og der er så mykje nydelige fløyteutdrag, så det var stort å få spele den ilag med så dyktige og inspirerte musikere.

 

Hvem er dine kunstneriske forbilder?

Eg er veldig glad i dei musikarane som eg føler er fulle av kjensler i det dei held på med, så Vilde Frang og Janine Jansen er naturligvis store forbilder, eller min mentor Marianna Shirinyan. Emmanuel Pahud og Clara Andrada er sjølvsagt også store fløyteforbilder. 

 

 

Hva legger du i ordet talent?

Her trur eg på at mange faktorar spelar inn. Eg trur sjølvsagt at ein har eit anlegg for det ein driv med, men kanskje mest av alt ein pådrivande motor og arbeidskraft som gjer at ein får lagt ned det arbeidet som skal til. 

 

Hva har det betydd for deg å være med i ArtEx programmet?

Eg har blitt kjend med utrulig mange fine og dyktige mennesker, som alle er heilt unike i det dei held på med, så det er veldig inspirerande! Coachinga har som nevnt vore kjempeviktig i det å forstå seg sjølv og korleis ein kan arbeide for å bli best mogeleg med seg sjølv og det ein driv med, og så har eg fått mogelegheiten til å arbeide med min fantastiske mentor og pianist Marianna Shirinyan. 

 

Hva har det betydd for deg å være en del av Talent Norges nettverk?

Talent Norge har eit utrulig godt apparat beståande av mange som står klare for å hjelpe på alle ulike områder, både på instrumentet, kroppsleg og med nettverk, som eg har fått tatt del i. 

 

Hva holder du på med nå for tiden?

Ved sida av å vere solofløytist i Trondheim Symfoniorkester, jobbar eg med ein videoinnspeling med Marianna Shirinyan som eg gledar meg til å vise! 

 

 

Foto: Agnete Brun

 

 

14. juli 2024

– Mentorskapet utvider definitivt horisonten min

ArtEx-deltager Mark Tholander utforsker hva som ligger i begrepene familie og fellesskap. I en eksperimenterende fase av kunstnerskapet får han råd fra mentorene Haeju Kim og Ed Atkins.

– Mentorskapet utvider definitivt horisonten min
12. juli 2024

Møt ArtEx deltager Julian Juhlin

Som kunstner bruger jeg iscenesættelsesgreb, jeg har lært fra arbejdet med teater, til at skabe en slags teatralsk billedkunst.

Møt ArtEx deltager Julian Juhlin
12. juli 2024

Møt ArtEx deltager Maria Ose

Talent Norge har eit utrulig godt apparat beståande av mange som står klare for å hjelpe på alle ulike områder, både på instrumentet, kroppsleg og med nettverk.

Møt ArtEx deltager Maria Ose